Kallskaret er ein verna geologisk førekomst, eit naturreservat, over Tafjord i Fjord kommune (tidlegare Norddal kommune) i Møre og Romsdal. Førekomsten er av granat-pyroksenitt (feilaktig kalla «eklogitt») og granatperidotitt som dannar lag i olivinstein (dunitt). Bergartane her er vakre og av høg vitskapleg verdi. De tener som referanse for tidlegare publiserte arbeid og er utgangspunkt for fortsatt forsking. Området er karakterisert ved gulbrun forvitringsfarge. Ein har flott utsikt mot ein høg take eller nål (Kallen) utforma i olivinstein og eit parti av kvit anortositt. I skrenten ned mot Tafjord har det gått et stor fjellras i førhistorisk tid.

Den raude olivinsøylen «Kallen» i Kallskaret sett frå vegen gjennom Tafjorddalen.

Kjelder endre