Dunitt eller olivinstein er ein djupbergart som hovudsakleg består av mineralet olivin. Knust dunitt kan med fordel nyttast som formsand i støyperier, sidan han ikkje skapar silikose. Bergarten blir òg brukt til framstilling av eldfast stein, som slaggdannar i stålindustrien.

Lita vulkansk bombe av (svart) basanitt med (grøn) dunitt.

Store brot er i drift i NordfjordSunnmøre (tidlegare A/S Olivin, frå 2003 North Cape Minerals), elles finst spreidde førekomstar i Nordland, Troms og Vest-Finnmark. Den norske produksjonen er drygt. 3,5 mill. tonn i året.

Det er kalla opp etter Duner Mountain i New Zealand.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Dunitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/dunitt.