Kalmarsund
Kalmarsund er eit sund i Austersjøen mellom den svenske øya Öland og landskapet Småland på det svenske fastlandet. Sundet er omkring 130 km langt og mellom 5 og 25 km breitt.
Det går ei bru over sundet, Ölandsbron.
Namnet
endreDet eldste belegget for namnet er frå 1000-talet. Ein finn det òg på den sødermannlandske runesteinen Sö 333, som nemner at nokon vart drepen i Kalmarna sundum. «Kalmarsund» blir rekna å vere sekundært til stadnamnet Kalmarnar, no Kalmar, som i sin tur kjem frå det søraustsvenske dialektordet kalm som tyder 'steinrøys' eller 'steinsamling'.[1]
Førhistorie
endreOmrådet kring Kalmarsund har vore busett sidan steinalderen og bronsealderen;[2] i tillegg har folk frå mellomsteinalderen kryssa sundet på ei isbru i tidleg holocen då isbreane byrja å trekkje seg attende frå Öland. Alby er ein av stadane ein har funne spor etter ein busetnad frå tidleg i mellomsteinalderen, då folk kryssa Kalmarsund kring 6000 fvt. Dette er ein av dei eldste kjende mellomsteinalderlandsbyane i Nord-Europa.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kalmar Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wahlberg Mats: Svenskt ortnamnslexikon, Språk- och folkminnesinstitutet (SOFI), Uppsala 2003 (swe), s. 159, 160. ISBN 91-7229-020-X. Libris 8998039.
- ↑ Thomas B. Larsson, The Bronze Age Metalwork in Southern Sverige, 1986, University of Umeå, Dept of Archaeology, 200 pages ISBN 91-7174-229-8
- ↑ C.Michael Hogan (2007) Alby Mesolithic Village, The Megalithic Portal, red. Andy Burnham