Kjell Bækkelund
Kjell Bækkelund (6. mai 1930–13. mai 2004) var ein norsk klassisk pianist fødd på Kampen i Oslo. Han var statsstipendiat frå 1987.
Kjell Bækkelund | |||
| |||
Fødd | 6. mai 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 13. mai 2004 (74 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1938–2004 | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist | ||
Gift med | Merete Bækkelund, Rut Tellefsen | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets seriøse instrumental, Oslo bys kulturpris, Prinsesse Astrids musikkpris, ridder av Dannebrogordenen, kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen, Finlands løves orden, Venskapsordenen, Kommandør av St. Olavs Orden |
Bækkelund byrja å spela piano som femåring, og debuterte åtte år gammal saman med Filharmonisk Selskaps Orkester. Han var kjent som vedunderbarn, brukte ofte karakteristiske briller og alpelue, og hadde eit rekordstort tal avskjedskonsertar.
Utmerkingar
endre- Bækkelund skapte oppstyr då han ikkje ville motta Kritikarprisen i 1965.
- I 1973 mottok han Norsk Kulturråds pris.
- I 1975 fekk han Spellemannprisen i klassen samtidsmusikk for plata Villarkorn.
- I 1987 vann han Gammleng-prisen i klassen klassisk.
- I 1987 vart han utnemnd til statsstipendiat.
- I 1997 blei Bækkelund utnemnd til kommandør av St. Olavs orden.
- I 1997 fekk han Lindemanprisen.
- Kommandør av den svenske Nordstjärneorden
- Riddar av Dannebrogsordenen
- Stormeister av den finske Lejonsordenen.
Diskografi (utval)
endre- Norske klaverperler
- 20th century Bækkelund
- Dagdrømmer
- Arietta – 38 klassiske norske klaverperler
- Villarkorn
Bibliografi
endre- Tramp i klaveret (1982)
Bakgrunnsstoff
endre- Elef Nesheim: En fullblods musikant: pianisten Kjell Bækkelund (1999)
- Mads Bækkelund: Far min: når Se og hør har gått hjem (1997)
- Spill! – Kjell Bækkelunds notater fra et uryddig liv ved Per Øyvind Heradstveit (1985)