Knut Steen

norsk bilethoggar

Knut Johannes Steen (fødd 19. november 1924 i Oslo, død 22. september 2011) var ein norsk skulptør, utdanna ved Statens Kunstakademi under Per Palle Storm og Stinius Fredriksen. Han var busett i Carrara i Italia frå 1976.

Knut Steen
KnutSteen.1.jpg
Fødd 19. november 1924
Oslo
Død

22. september 2011 (86 år)

Yrke bilethoggar
Ektefelle Inger Dag Steen
Knut Steen på Commons

Av kjende monument kan nemnast Hvalfangermonumentet i Sandefjord 1960, Oppgangssaga i Hønefoss 1979, Aurora framfor Regjeringsbygget i Oslo 1982, Shetlands-Larsen 1992 i Bergen, Olav Kyrre i same by 1998 (det sistnemnde verket var ferdigstilt lenge før).

Han arbeidde i granitt, betong, bronse, stål og marmor. Vidare har har illustrert bøker, m.a. av Harald Sverdrup og Heinrich Böll.

I 2004 gjorde han ferdig ein åtte meter høg statue av Kong Olav V på oppdrag for Oslo by, tenkt plassert på Rådhusplassen. Kommunen var ikkje nøgd med utforminga og ombestemte seg. Ein vonbroten Steen tenkte å gravleggja statuen, men andre synte interesse og Steen valde staden Skjerjehamn i Gulen kommune, der statuen vart avduka under Utkantfestivalen 4. august 2007.[1]

I januar 2008 vart Steen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som bilethoggar.

Knut Steen under avdukinga av kongestatuen i Skjerjehamn 4. august 2007
Foto: Nina Aldin Thune

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra