Krydderkake

(Omdirigert frå Kanelkaka)

Krydderkake er ei kake laga med visse krydder, som kanel, kardemomme, muskat, nellik, pepar,[1] allehande og ingefær.[2]

Nederlandsk krydderkake.
Krydderkaka Yorkshire-parkin.

Dette er ei tradisjonell kake der ein ofte bruker natron og eventuelt kulturmjølk eller liknande i røra.[3] Andre oppskrifter bruker bakepulver.[4][5] Vanlege søtemiddel er honning, sirup eller mørkt sukker.

Krydderkaker blir brukt ein del som julebakst.[3] Peparkake er døme på ei småkake laga med ulike krydder ein ofte lagar til jul.

Variantar endre

Ulike krydderkaker kan ha namn etter det viktigaste krydderet ein bruker i dei, som kanelkake eller kardemommekake.

Kanelkake er ei krydderkake med særskild preg av kanel. Svenske kanelkakor kan vera småkaker i fingertjukke lengder skorne i snittar og strødd med strøsukker og kanel.[6]

Kardemommekake er ei krydderkake med vekt på kardemomme. Svenske kardemummalöv kan vera småkaker laga av mørdeig, kjevla og pressa ut med former og pynta med kardemomme og perlesukker.[6]

Maple spice cake er ei amerikansk krydderkake som bruker lønnesirup i røra. Denne kaka var ein spesialitet frå New Hampshire frå byrjinga av 1800-talet. Kaka kan smaka som kanel eller eplesider, og er ein typisk haustrett.[7]

Mjuk pepparkaka er ei svensk krydderkake med smak som peparkake.

Parkin er ei kake frå Nord-England - Yorkshire og Lancashire - med ingefær, sirup og havregryn i røra. Kaka er særleg knytt til bonfire night 5. november.[8]

Kjelder endre

  1. «Margot's krydderkake». Aura Avis (Sunndal). 9. januar 1982. s. 19. 
  2. Gulbrandsen, Anne Cathrine (30. januar 2019), «Smakfull og saftig krydderkake | Coop Marked», COOP (på norsk), henta 23. april 2020 
  3. 3,0 3,1 Valebrokk, Helle Øder (11. februar 2017), «Saftig krydderkake med klementinsmørkrem | Coop Mega», COOP (på norsk), henta 23. april 2020 
  4. TINE, «Krydderkake i langpanne - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 23. april 2020 
  5. «Krydderkake», www.matprat.no (på norsk), henta 23. april 2020 
  6. 6,0 6,1 «En deg - fem kakor!», HELÉNS GOTT O BLANDAT!!, 23. april 2013, henta 2. desember 2021 
  7. Maple Spice Cake (excerpt from The Presidents). John Wiley & Sons, Inc. 2007. Henta 20. juni 2009. 
  8. «10 Easy Steps to the Perfect Traditional Yorkshire Parkin», The Spruce Eats (på engelsk), henta 2. desember 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikikokeboka har oppskrifter for: Krydderkake