Sider

(Omdirigert frå Eplesider)

Sider er ein epledrikk eller -vin som gjerne blir laga i område der ein dyrkar mykje eple. Nordvest-Frankrike, Nord-Spania, delar av Storbritannia, Nord-Amerika og Tyskland har særleg lange sidertradisjonar. Her har ein dyrka fram eplesortar som er særs egna for siderproduksjon. Namnet sider kjem frå det hebraiske ordet sjekar, som tyder sterk drikk.

Eit glas amerikansk sider.

Alkoholinnhaldet i sider kan vera frå null i ugjæra typar og opptil 8 % i typar som har gjæra ved høg temperatur. Det er vanleg å halda temperaturen mellom 4 og 16C for å få til ein sein gjæringsprosess som framhevar den rike eplesmaken.

Ved å destillera sider kan ein laga eplebrennevin, som calvados eller applejack. Den franske drikken pommeau er ei blanding av sider og calvados som blir drukke som aperitiff.

Ein kan òg laga sideraktige drikkar av andre fruktsortar, som pære og fersken.

Fransk sider endre

 
Spansk siderflaske. (Foto: Ardo Beltz)

I Frankrike var sider, cidre, den viktigaste drikken etter vin fram til midten av 1900-talet, då øl tok over utanfor kjerneområda. Sidrane som blir laga i Bretagne og Normandie er verna under merket om geografisk opphav. I tillegg til å drikka han, gjerne frå tradisjonelle keramikkoppar, bruker ein mykje sider i normannisk matlaging.

Spansk sider endre

I Asturias og Baskarland i Spania er sidra (eller sagardoa på baskisk) ein tradisjonell drikk som gjerne blir helt oppi små glas med ei armlengds avstand til flaska. Dette gjer at drikken inneheld mykje luft, slik at han ei kort tid boblar slik som champagne.

Norsk sider endre

I Noreg er det også store tradisjonar for å produsera sider. Det finst mange forskjellige eplesortar ein lagar sider på. Nokre sortar er betre enn andre, t.d. Aroma, Gravenstein og Torstein. I Noreg har Ciderhuset den fyrste utplantinga av sidereplesortar frå Normandie og Somerset t.d. Cidor, Belle Fille de la Mance, Major, Somerset redstreak, Yarlington Mill Ellis Bitter og Dabinett. I Hardanger og Sogn finst det mange bønder som lagar sider til eige bruk. Nokre produsentar har også løyve til å servera sideren dersom dei har ein plass med skjenkeløyve. Døme på dette er Ciderhuset og Henjatunet Eggjagarden AS. Det er 7 norske siderar på Vinmonopolet.[1]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. mai 2012, henta 8. september 2011