Kanelrose
Kanelrose
Kanelrose
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Roseslekta Rosa
Art: Kanelrose R. majalis
Vitskapleg namn
Rosa majalis

Kanelrose (Rosa majalis) er ei plante i roseslekta. Kanelrosa er ein 50-200 cm høg busk med underjordiske utløparar. Blomane er om lag 5 cm i diameter med mørkrosa kronblad.

I Noreg er arten registert over heile landet, men er oftast å finne på Austlandet og i Trøndelag.[1] Arten veks naturleg frå Skandinavia austover til Sibir og sør til Frankrike og Italia.

Ei kryssing mellom kanelrose og ei ukjend gallicaarose er opphavet til rosegruppa francofortuna.

Etymologi endre

Det norske namnet refererer til barken på greinene som kan minne om kanal. Det latinske majalis kjem av at planta blomstrar i mai, noko som er tilfelle lenger sør i Europa.

Referansar endre

  1. «Kanelrose», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 1. mars 2020