Kantonen Schaffhausen

Schaffhausen er den nordlegaste kantonen i Sveits. Han har eit areal på 298 km2 og hadde 82 000 innbyggarar i 2018. Byen Schaffhausen er hovudstad i kantonen.

Schaffhausen
Schaffhouse, Sciaffusa, Schaffusa
kanton
Symbol
Forkorting: SH
Land  Sveits
Del av Aust-Sveits, Northeastern Switzerland
Hovudstad Schaffhausen
Høgaste punkt Hagen
 •  høgd 912 moh.
Areal 298,42 km²
Folketal 81 991 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1501
Kart
Kantonen Schaffhausen
47°43′00″N 8°34′00″E / 47.716666666667°N 8.5666666666667°E / 47.716666666667; 8.5666666666667
Kart som viser Kantonen Schaffhausen.
Kart som viser Kantonen Schaffhausen.
Kart som viser Kantonen Schaffhausen.
Wikimedia Commons: Canton of Schaffhausen

Schaffhausen er den einaste kantonen i Sveits som praktiserer røysteplikt.

Geografi

endre

Kantonen er både i vest, nord og aust omkransa av delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Schaffhausen har grense til kantonane Zürich og Thurgau. Nesten heile kantonen ligg på nordsida av Rhinen, som er grenselinje mellom Schaffhausen og dei førnemnde kantonane. Schaffhausen består av tre åtskilde landområde, eitt stort og to små. Dei to små ligg høvesvis i aust og i sør for hovudområdet. Ramsen og Stein am Rhein ligg i aust, medan Rüdlingen ligg i sør. Ein tysk enklave, Büsingen am Hochrhein, ligg inneklemt mellom kantonane Schaffhausen, Thurgau og Zürich. Størsteparten av kantonen ligg på eit platå, der høgste punktet er 912 meter over havet.

Demografi, språk og religion

endre

21,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er offisielt skriftspråk og dominerande talemål i Schaffhausen, den lokale dialekta høyrer til høgalemannisk. 50% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 24% soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Kommunar

endre

Schaffhausen er i 2011 delt inn i 27 kommunar; Bargen, Beggingen, Beringen, Buch, Buchberg, Büttenhardt, Dörflingen, Gächlingen, Guntmadingen, Hallau, Hemishofen, Lohn, Löhningen, Merishausen, Neuhausen am Rheinfall, Neunkirch, Oberhallau, Ramsen, Rüdlingen, Schaffhausen, Schleitheim, Siblingen, Stein am Rhein, Stetten, Thayngen, Trasadingen og Wilchingen.

Historie

endre

Byen Schaffhausen gjekk i 1454 inn ein allianse med seks av kantonane i det sveitsiske eidsforbundet. Alliansen vart i 1478 også omfatta Uri og Unterwalden. År 1501 gjekk Schaffhausen inn i det sveitsiske eidsforbundet og vart ein eigen kanton.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Schaffhausen