Adresseavisen

(Omdirigert frå Adressa)

Adresseavisen, oftast kalla Adress(e)avisa' eller Adressa i daglegtale, er den eldste framleis eksisterande avisa i Noreg og kjem ut i Trondheim. Adresseavisen er ei dagsavis som kjem ut alle dagar i veka unnateke sundag.

Adresseavisen

LandNoreg
TypeAvis
Org.nummer992664568
FormatTabloid
Grunnlagd1767
EigararPolaris Media Midt-Norge
Sjefredaktør(er)Kirsti Husby (2017)[1]
SpråkNorsk
HovudkvarterTrondheim
Nettstadhttps://adressa.no (norsk)

Avisa kom ut første gong den 3. juli 1767 under namnet Kongelig allene priviligerede Trondhiems Adresse Contoirs Efterretninger. Etter fleire namneendringar fekk ho i 1927 det noverande namnet Adresseavisen.

Eigarskap

endre

Hovudeigarane av Adresseavisen er Schibsted (34,3 %), Orkla Media (18,7 %) og Must Invest AS (17,9 %). Avisa er sjølv eigar av avisene Fosna-Folket, Innherreds Folkeblad og Verdalingen, Levanger-Avisa, Sør-Trøndelag, Trønderbladet og fjernsynskanalen TVadressa. Ho har aksjar i Hitra-Frøya Lokalavis og Kanal 24.

Opplagstal

endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 88 885

2002 86 511
2003 86 570
2004 84 922
2005 79 070
2006 79 130
2007 79 789
2008 77 044
2009 75 835
2010 73 434
2014 63 981

Redaktørar

endre

Kjelder

endre
  1. https://kapital.no/people-index/kirsti-husby.
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff

endre