Kaptopril
CAS-nummer 62571-86-2 |
ATC-nummer C09A A01 |
Metabolisme | |
Halveringstid | Ca. 4 timar |
Utskiljing | Renal |
Administrasjonsform | Per oral |
Kaptopril er først og fremst eit blodtrykksminskande lækjemiddel, men vert òg nytta ved hjarte-pumpe-svikt.
Kaptopril høyrer til ei gruppe lækjemiddel som vert kalla ACE-hemmarar. Desse lækjemidla hemmar omgjeringsenzymet angiotensin converting enzyme frå å gjera om angiotensin I til angiotensin II. Dette fører til lågare nivå av angiotensin II i blodet, eit stoff som blant anna får årene til å trekkja seg i hop og dermed gje pasienten eit auka blodtrykk.
Kaptopril var eit av dei første stoffa i verda til å verta designa frå kjennskapen til strukturen til det enzymet ein ønskte å blokkera.
Biverknadar
endreI store dosar kan ein få utslett, nedsett smakssans, låge kvite blodceller (nøytropeni) og protein i urinen (proteinuria), kanskje på grunn av sulfhydryl-gruppa til molekylet. ACE-hemmarar gjev òg ofte pasientar ein irriterande, tørr hoste.
I tillegg til kan ein få for lågt blodtrykk, ein biverknad som er direkte knytt til den ønskte verknaden til emnet.
Kontraindiasjonar
endreKaptopril bør ikkje nyttast i gravide. Ein bør og vera svært varsam med å nytta kaptopril hjå pasientar med nyrearteriestenose.
Administrasjon
endreKaptopril vert vanlegvis administrert i tablettform. Gjes òg som mikstur til born.
Handelsnamn i Noreg
endreBakgrunnsstoff
endre- Preparatomtaler Arkivert 2007-11-10 ved Wayback Machine. - Statens lækjemiddelverk
- Felleskatalogen - Felleskatalog over farmasøytiske spesialpreparat marknadsført i Noreg