Karabulak i Ingusjetia
Karabulak (russisk Карабулак) er ein by i Republikken Ingusjetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sunzja, ei sideelv til Terek, rundt 20 km nord for republikkhovudstaden Magas.
Karabulak Карабулак | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Ingusjetia | |
Bystatus | 1995 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
35 073 | |
Koordinatar | 43°18′N 44°54′E / 43.300°N 44.900°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | 87244 |
På staden der byen ligg i dag vart det på 1800-talet grunnlagd ein kosakk-stanitsa kalla Karabulakskaja. Han fekk bystatus i 1995.
I løpet av 1990-talet vart innbyggjartalet i byen meir enn tredobla som følgje av flyktningar som kom frå krigen i naborepublikken Tsjetsjenia.
Det ligg ein kjemisk fabrikk i Karabulak.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Karabulak i Ingusjetia» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.