Sunzja
Sunzja (russisk Су́нжа; ossetisk: Сунжæ – Sunžæ, tsjetsjensk: Соьлжа – Sölƶa) er ei elv i Nord-Ossetia, Ingusjetia og Tsjetsjenia i Russland og ei av sideelvane til Terek frå venstre. Elva er 278 km lang og har eit nedslagsfelt på 12 200 km².
Sunzja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 200 km² | ||
Lengd | 278 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Tebulosmta i Kaukasus | ||
Munning | Terek | ||
Sunzja 42°55′37″N 44°52′54″E / 42.926944444444°N 44.881666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sunzha River |
Elva har utspring på nordsida av Kaukasus. Dei viktigaste elvane hennar er Assa og Argun.
Elva vert nytta til irrigasjon. Langs Sunzja ligg byane Nazran, Karabulak, Groznyj (hovudstaden i Tsjetsjenia) og Gudermes. Under dei tsjetsjenske krigane medførte øydelegging av petroleumsreservoar til at Sunzja var forureina av olje.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sunzja» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Daniszewski (11. mars 2001). «Chechens Find a Way to Live Off the Land--Through Oil» (på engelsk). Los Angeles Times. Henta 24. oktober 2008.