Terek
Terek (russisk Терек; georgisk თერგი, Tergi; avarisk Терек) er ei stor elv nord i Kaukasus, som renn gjennom Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord-Ossetia og byen Vladikavkaz. Ho snur så austover og renn gjennom Tsjetsjenia og Dagestan før ho deler seg i to greiner, som begge munnar ut i Kaspihavet. Nedanfor byen Kizljar dannar dei eit sumpaktig elvedelta som er om lag 100 km breitt.
Terek | |||
elv | |||
Terek nord i Georgia
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 43 200 km² | ||
Lengd | 620 km | ||
Kjelde | Kazbek | ||
- høgd | 4 160 moh. | ||
Munning | Kaspihavet | ||
- høgd | –28 moh. | ||
![]() Terek | |||
Wikimedia Commons: Terek River | |||
Elva er ein naturressurs i området, og vert nytta til kunstig vatning og produksjon av vasskraft i dei øvre delane.
Dei største byane langs Terek er Vladikavkaz, Mozdok og Kizljar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Terek» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2007.