Karaganda
Karaganda (kasakhisk Қарағанды, Qaraghandy; russisk Караганда, Karaganda) er hovudstaden i Karaganda oblast i Kasakhstan. Han er den fjerde største byen i Kasakhstan etter Almaty, Astana og Tsjimkent med om lag 450 000 innbyggjarar. I 1940-åra var opp til 70 % av innbyggjarane etniske tyskarar. Dei fleste av dei etniske tyskarane er etterkomarane av dei sovjetiske volgatyskarane som vart deportert til Sibir og Kasakhstan på Stalin sin ordre då Hitler invaderte Polen. Fram til 1950-åra var mange av dei internert i arbeidsleirar (gulag). Frå 1989 til 1999 fall innbyggjartalet i Karaganda med 14 %, hovudsakleg fordi mange emigrerte til Tyskland.
Karaganda | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Oblast |
Kasakhstan Karaganda oblast | ||
Akim | Islam Togajbajev | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 497 800 000 km² | ||
Flatevidd - By |
543,28 km² | ||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
446 200 821/km² | ||
Koordinatar | 49°50′N 73°10′E / 49.833°N 73.167°E | ||
Høgd over havet | 546 m | ||
Tidssone | BTT (UTC+6) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://karaganda-akimat.gov.kz/ru/ | |||
Plassering | |||
Plasseringa i Kasakhstan |
Namnet Karaganda kjem frå busken karagana som det er mykje av i området. Karaganda er ein industriby som vart bygd for å utnytte kolgruvene ved hjelp av fangane i arbeidsleirane. Tidleg på 1990-talet vart han vurdert som hovudstad i Kasakhstan før valet fall på Astana.
Den opphavlege staden der Karaganda stod er i dag avmerkt på bykarta som «Gamlebyen», men nesten ingenting er att. Då sovjetarane utnytta dei rike kolførekomstane like ved førte gruvegangane like under byen til at han måtte flyttast fleire kilometer lenger sør.
Litteratur
endreKate Brown, «Gridded Lives: Why Kazakhstan and Montana are Nearly the Same Place.» American Historical Review 106, 1 (2001): 17-48.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Karaganda» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2008.