Tsjimkent (kasakhisk Шымкент, Sjymkent) er ein by i Kasakhstan og hovudstaden i Sør-Kasakhstan oblast, den folkerikaste regionen i landet. Han er den tredje største byen i landet etter Almaty og Astana med om lag 561 200 innbyggjarar (1 juli 2008)[1] og har eit av dei største storbyområda i Kasakhstan. Han er eit stor jernbaneknutepunkt langs jernbaneruta Turkestan-Sibir og eit stort kultursenter. Han ligg 690 km vest for Almaty og 120 km nord for Tasjkent i Usbekistan.

Tsjimkent
Horisonten til Tsjimkent
Horisonten til Tsjimkent
Byvåpenet til Tsjimkent
Styresmakter
Land
Oblast
Kasakhstan
Sør-Kasakhstan
Grunnlagd 1100-talet
Akim Arman Zhetpisbayev
Geografi
Flatevidd 347 km²
Innbyggjarar
 - By (1. oktober 2022; 1. januar 2023)
   - folketettleik

561 200
  3 776/km²
Koordinatar 42°19′″N 69°35′″EKoordinatar: 42°19′″N 69°35′″E
Høgd over havet 506 moh m
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 160000
Telefon-retningsnummer +7 727
Bilnummer A
Heimeside: http://www.chimkent.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Historie endre

 
Fjell i utkanten av Tsjimkent

Tsjimkent vart grunnlagd på 1100-talet som ein karavanserai for å verne byen Sajram som låg 10 km lenger aust langs silkevegen. Tsjimkent voks fram som ein marknad der nomadane gjorde handel med dei fastbuande. Han vart øydelagd fleire gonger, som av Dsjengis Khan, soldatar frå dei sørlege khanata og frå nomadane. Han var ein gong ein del av khanatet Kokand og vart i 1810 ein del av emiratet Bukhara. I 1864 vart han annektert av Det russiske keisardømet. Han vart omdøypt til Tsjernyajev i 1914 og Tsjimkent i 1924.

Namnet på byen kjem frå dei to orda Sjym, som tyder «torv», og Kent, som tyder «by».

Etter Kasakhstan sitt sjølvstende fekk byen det opphavlege namnet Sjymkent i 1993 som ein del av styresmaktene sin plan om å omdøype alle byane til kasakhiske namn. Dette skapte ei fleirtyding i namnet på russisk, sidan dei russiske stavereglane ikkje tillet bokstaven ы å kome etter ш. Derfor vert det nye namnet Шымкент (Sjymkent) berre nytta i Kasakhstan, medan Russland og andre land som nyttar russisk språk nyttar den opphavlege usbekiske stavinga Чимкент (Tsjimkent).

Demografi endre

Økonomi endre

Byen var tidlegare dominert av gruvedrift etter bly og den industrielle veksten byrja i 1930-åra. Byen fekk då raffineri som handsama sink og bly, pels frå karakulsau, tekstilar, matvarer og medisinar. Byen har òg eit oljeraffineri eigd av PetroKazakhstan.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre