Karasukelva
Karasuk (russisk Карасук) er ei elv i Novosibirsk oblast i Russland. Elva er 531 km lang og har eit nedslagsfelt på 11 300 km².
Karasuk | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 300 km² | ||
Lengd | 531 km | ||
Munning | Ingen | ||
Karasukelva 54°40′26″N 81°47′11″E / 54.673888888889°N 81.786388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Karasuk (river) |
Karasuk spring ut 100 km sørvest for Novosibirsk, på 190 moh. Ho renn sørvestover gjennom ein vid dal sør på Barabasteppene, til ho munnar ut i eit endorheisk bekken med små sjøar og myrområde rundt 105 moh, på grensa til Kasakhstan. Ved høg vasstand renn noko vatn frå aust for byen Karasuk sørover over Tsjuman (russisk: Чуман) til elva Burla (russisk: Бурла)[1], og ein annan del i nordleg retning over greina Baganjonok (russisk: Баганёнок) til elva Bagan (russisk: Баган). Karasuk har ingen større sideelvar.
I den nedre delen av elva ligg byen og jernbaneknutepunktet Karasuk.
Kjeldeområdet til Karasuk vart 26. mars 2007 erklært som spesielt verneverdig område.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karasuk (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Store sovjetiske leksikon
- ↑ Pressemelding fra nettstedet «Sibirskij Projekt» Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. (russisk)