Endorheisk nedslagsfelt
Eit endorheisk nedslagsfelt eller bekken (frå gresk endo ‘innanfrå’ + rhein ‘å renne’) er eit lukka nedslagsfelt der vatnet ikkje renn vidare til havet. Normalt vil vatn i eit nedslagsfelt renne til havet via elvar eller gjennom porøst grunnfjell. I eit endorheisk nedslagsfelt vil regn (eller anna nedbør) berre forlate systemet via fordamping eller sig. Endorheiske nedslagsfelt vert òg kalla interne dreneringssystem. Nokre av dei største innsjøane i verda er endorheiske. Gode døme er Aralsjøen og Kaspihavet, den største salte vassmassen på jorda bortsett frå havet.[1]
Førekomst
endreEndorheiske nedslagsfelt kan oppstå i alle typar klima, men er mest vanleg i varme ørkenområde. I område med meir nedbør vil erosjon frå elvane som regel grave ut dreneringskanalar (særleg i episodar med flaum), som til slutt bryt gjennom det lukka systemet og opnar det til det omliggande terrenget. Svartehavet var truleg ein slik innsjø med eit eige hydrologisk system før det kom i kontakt med Middelhavet ved Bosporos.
Endorheiske nedslagsfelt ligg vanlegvis langt inne i landet og grensar til fjell eller andre geologiske kjenneteikn som hindrar tilgang til havet. Sidan det innkomande vatnet berre forsvinn via siging eller fordamping, vil mineral eller andre ting samle seg opp i bekkenet og til slutt vil vatnet i innsjøane verte salt og vere svært sårbart for forureining.[1] I Australia utgjer dei endorheiske nedslagsfelta 18 % av arealet, noko som er mest i verda, medan Nord-Amerika har minst med 5 % av arealet-[2] Totalt er 18 % av landoverflata til Jorda dekt av endorheiske nedslagsfelt eller innsjøar. Dei største områda finn ein i det indre av Asia.
I varme ørkenar er vassinnstrauminga liten og fordampinga på grunn av varmen er stor. Dette reduserer drastisk danninga av komplette nedslagsfelt. Mineral frå det omliggande berget som vatnet renn over vert igjen i nedslagsfeltet når vatnet fordampar og endorheiske nedslagsfelt inneheld derfor ofte vidstrekte saltsletter eller playa. Desse områda er store, flate og harde overflater som stundom vert nytta som rullebaner eller forsøk på å sette fartsrekord på land.
Ein kan få danna både permanente endorheiske innsjøar og innsjøar som berre oppstår til visse tider på året i endorheiske nedslagsfelt. Sjølv dei permanente endorheiske innsjøane kan endre storleik og form over tid, og vert ofte mykje mindre eller bryt opp i fleire mindre delar i tørre delar av året. Menneskeleg påverknad av elvane som renn ut i desse innsjøane har òg ført til at innsjøane har endra form, vorte saltare og forureina.
Kjende endorheiske nedslagsfelt og innsjøar
endreVidasjøen i Antarktis, ein av dei få endorheiske innsjøane i kalde ørkenar ikkje frys til is fordi saltinnhaldet er sju gonger høgare enn i sjøvatn.
Asia
endreStore delar av Vest- og Sentral-Asia er eit einaste stort endorheisk nedslagsfelt. Det inneheld fleire innsjøar, som
- Kaspihavet, den største innsjøen i verda. Ein stor del av Aust-Europa vert drenert av Volga, som høyrer til dette nedslagsfeltet.
- Aralsjøen, som har krympa dei siste 50 åra på grunn av at elvane som renn ut i innsjøen har vorte leia om for å nyttast til vatning. Dette har resultert i ein økologisk katastrofe.
- Balkhasj (Kasakhstan)
- Lop Nur, søraust i Xinjiang nordvest i Kina
- Issyk-Kul, Son-Kul og Tsjatyr-Kul i Kirgisistan
- Sistanbekkenet som dekkjer delar av Iran og Afghanistan
- Tarimbekkenet i Xinjiang
Daudehavet er det lågaste punktet på landoverflata til Jorda og ein av dei saltaste vassmassane. Han ligg mellom Israel og Jordan.
Sambharsjøen i Rajasthan, nordvest i India, er òg ein del av eit endorheisk nedslagsfelt.
Australia
endreAustralia er særs tørt og har særs låg avrenning på grunn av det gamle jordsmonnet. Dette gjer at vassføringa i dei endorheiske nedslagsfelta varierer stort. Dei viktigaste er:
- Eyrebekkenet, som drenerer vatn til den særs variable Eyresjøen og inneheld òg Fromesjøen.
- Lake Torrens, vest for Flindersfjella i Sør-Australia.
- Lake Corangamite, ein særs salt kratersjø vest i Victoria.
- Lake George, tidlegare forbunde med Murray-Darling-bekkenet
Afrika
endre- Turkanasjøen i Kenya
- Okavangodeltaet, eit endorheisk innlandsdelta i Kalahariørkenen i Botswana
- Ngamisjøen i Botswana
- Tsjadsjøen (mellom Tsjad og Kamerun). Får vatn frå Tsjari og Logon.
- Etoshasletta i Namibia
- Qattarasenkinga i Egypt
- Chott Melrhir i Algerie
- Chilwasjøen i Malawi
- Afarsenkinga i Eritrea, Etiopia og Djibouti
Nord-Amerika
endre- Mexicodalen. I før-columbiansk tid inneheldt dalen fem innsjøar, inkludert Texcocosjøen, Xochimilcosjøen og Chalcosjøen.
- Crater Lake i Oregon
- Devil's Lake i North Dakota
- Devil's Lake i Wisconsin
- Great Divide Basin i Wyoming, eit lite endorheisk nedslagsfelt som ligg på tvers av det kontinentale vasskiljet i Nord-Amerika.
- Great Basin, som dekkjer mykje av Nevada og Utah. Her finn ein mellom anna :
- Black Rock Desert i Nevada
- Death Valley i California og Nevada, det lågaste landområdet i USA.
- Groom Dry Lake i Nevada, staden der den hemmelege Area 51-basen ligg.
- Store Saltsjø i Utah, den største endorheiske innsjøen på den vestlege halvkula.
- Saltonsjøen i California, ein innsjø som vart danna ved eit uhell i 1905 då vatningskanalar i området braut saman og gjenoppretta ein gammal saltsjø i ørkenen.
- Sevier Lake i Utah
- Pyramid Lake i Nevada
- Mono Lake i California
- New Mexico har fleire endorheiske nedslagsfelt som
- Tularosabekkenet, ein riftdal;
- Zuni Salt Lake, ein maar;
- Bolsón de Mapimí, i Nord-Mexico
- Guzmánbekkenet, i Nord-Mexico og New Mexico
- Lago de Atitlán, i høglandet i Guatemala.
Europa
endre- Neusiedlersjøen i Austerrike
- Trasimenosjøen i Italia
- Prespasjøen mellom Albania, Hellas og Makedonia
Alle desse innsjøane vert derimot drenert av anten kunstige kanalar eller via karstisk fenomen. Ein finn òg mindre endorheiske innsjøar i Middelhavsland som Spania (Laguna de Gallocanta), Italia, Kypros og Hellas.
Sør-Amerika
endre- Altiplano-bekkenet, eit av dei største og det nest høgastliggande i verda.
- Valenciasjøen (spansk Lago de Valencia), den nest største innsjøen i Venezuela.
- Nordvest-Pampas-bekkena i Argentina
- Sørvest-Pampas-bekkena i Argentina
- Meseta Somuncura i Patagonia i Argentina
Tidlegare
endreAv tidlegare endorheiske system på Jorda:
- Svartehavet før det flaut saman Middelhavet
- Middelhavet sjølv var fråskild Atlanterhavet fram til om lag 5 millionar år sidan.
- Lahontansjøen vest i USA
- Ebro og Duero-bekkena drenerte det meste av Nord-Spania under Neogen og kanskje pliocen.
- Lake Bonneville (Utah)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Endorheic basin» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2008.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Endorheic Lakes: Waterbodies That Don’t Flow to the Sea». United Nations Environmental Programme. Henta 17. juli 2007.
- ↑ «Saline Lake Ecosystems of the World». Springer. Henta 31. juli 2007.