Opna hovudmenyen

Karen Mjør (fødd 22. juni 1995 på Utne i Hardanger) er ein norsk ungdomspolitikar og målkvinne frå Stord. Ho har i fleire år vore leiar i Sunnhordland Målungdom, som vart kåra til årets lokallag i Norsk Målungdom i 2013.[1][2] Ho er også nestleiar i Stord AUF.[3] Mjør er engasjert i skuledebatt og lokalpolitikk, med fokus lokal kollektivtrafikk og målsaka.[1][4] Ho er oppteken av å få meir bruk av nynorsk i nasjonale media. Ho ønsker betre sidemålsopplæring,[1] men var positiv då Stord vidaregåande skule prøvde ut éin norskkarakter hausten 2013.[5] Ho har gått på Stord vidaregåande skule og på Sund folkehøgskule.[5] I nyare tid har ho vore aktiv i Studentersamfundet i Trondhjem.[6]

Karen Mjør
Fødd 22. juni 1995

Utne i Ullensvang

Nasjonalitet Norsk
Yrke Student
Verv Leiar i Sunnhordland Målungdom
Nestleiar i Stord AUF
Debattansvarleg i Styret ved Studentersamfundet i Trondhjem

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Tora Hope (15. mai 2013). «Sta nynorskleiar». Framtida. Henta 16. februar 2015. 
  2. «Kåra til «Årets Lokallag»», Stordnytt, 15. juli 2013, henta 16. februar 2015 
  3. Hope, Tora (1. mai 2013), «– Er du misnøgd, så engasjer deg», Framtida, henta 16. februar 2015 
  4. «Bolleaksjonen for betre busstilbod». Stordnytt. 17. april 2013. Henta 16. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 Andrea Rygg Nøttveit (6. november 2013). «Ein av tre vil samla norskkarakteren». Framtida. Henta 16. februar 2015. 
  6. «Studentersamfundet i Trondhjem», www.samfundet.no (på norsk), henta 12. september 2019