Karenanne Gussgard

Karenanne Gussgard (fødd 2. januar 1940) i Sandefjord er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett.

Karenanne Gussgard
Fødd 2. januar 1940 (80 år)
Sandefjord
Yrke Høgsterettsdommar

Ho er cand. jur. frå Universitetet i Oslo 1964. Ho arbeidde mellom anna som juridisk sekretær for Høgsteretts kjæremålsutval frå 1977 til 1983, og som byrettsdommar i Oslo byrett frå 1983 til 1990.

Gussgard tiltredde som høgsterettsdommar 1. oktober 1990. Ho gjekk av for aldersgrensa den 1. februar 2010.

KjelderEndra

Karenanna Gussgard hos domstol.no, vitja 14. juni 2010