Kari Ørbech
Kari Ørbech (fødd Kari Ørbech Bjørkum, 5. januar 1902–15. april 1997) var ein norsk ungdomsbokforfattar frå Årdal.
Kari Ørbech | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. januar 1902 Årdal kommune |
Død |
15. april 1997 (95 år) |
Yrke | skribent |
Ho debuterte i 1936 med Den forjettede by, og skreiv i alt 17 bøker. Gjennombrotet fekk ho med si neste bok Hun som fikk navnet Loretta (1952), som ho fekk Kirke- og undervisningsdepartementets pris og Dammprisen for. Ho vann departementet sin pris igjen i 1973 og 1974, med Alt kan hende Peder og Stormdagen. Ørbech skreiv både på bokmål og nynorsk, og nokre av bøkene vart utgitt i begge målformene. Tre av bøkene er omsett til svensk, og ei til russisk.
Ørbech sitt forfattarskap er prega av sosial og psykologisk realisme, etisk alvor og vilje til å drøfta problem. Ho skildrar ungdomskriminalitet i Redningen (1967), tenåringsgraviditet i Liv og Lars (1971) og ein 16-åring sitt inntrykk av foreldra si skilsmisse i Det kan ikke være sant (1956). Hovudpersonane hennar vel ofte løysingar som inneber brot med tradisjonelle oppfatningar i deira heimemiljø.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1936 – Den forjettede by (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1952 – Hun som fikk navnet Loretta (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1952 – Ho som fekk namnet Loretta (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Nynorsk]
- 1953 – Kjersti og villfuglen (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1954 – Frank og Frida (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1956 – Det kan ikke være sant (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1963 – Jakki (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1964 – Far min (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no [Nynorsk]
- 1966 – Jarle fra oppg. D (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1967 – Redningen (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1970 – Lasse (Oslo: Damm) I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1971 – Liv og Lars (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-00017-9 I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1973 – Alt kan hende, Peder : en ungdomsroman (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-00822-6 I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1974 – Stormdagen (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-00990-7 I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1976 – Prøvetid (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-01260-6 I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1977 – Revyen : en ungdomsroman (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-01517-6 I fulltekst ved nb.no [Bokmål]
- 1979 – Eidsvoll folkebibliotek 150 år (Eidsvoll: Eidsvoll folkebibliotek) I fulltekst ved nb.no [Redaksjonskomite: Kari Ørbech Åse, John Granly, Eirik Sundli]
- 1979 – Varden (Larvik: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no [Nynorsk]
- 1982 – Ubedne gjester i farmors hus (Larvik: Norsk barneblad). ISBN 82-7095-030-0 I fulltekst ved nb.no [Nynorsk]
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Birkeland, Risa, Vold. Norsk barnelitteraturhistorie. 2. utg. Samlaget, 2005. ISBN 82-521-5933-8
- Bygdebok for Årdal Band 2. Kulturbandet . 1978
- Karin Beate Vold, red. Høydepunkt II, 33 norske forfattere velger og kommenterer egne barneboktekster. Tiden forlag, 1981. ISBN 82-10-02145-1