Kari Vikhagen Gjeitnes (fødd 13. januar 1985) er ein norsk tidlegare langrennar frå Røvik/Skåla i Molde. Ho var medlem i Skåla IL til 2007, sidan representerte ho Henning Skilag.

Kari Gjeitnes

Gjeitnes vann sprint-tevlinga ved junior-VM 2005. Ho sleit med å hevde seg på nasjonalt toppnivå som senior, tok som best NM-sølv i sprint-øvinga under Ski-NM 2008 og 2015. Under verdsmeisterskapen 2015 i Falun gjekk ho inn til femteplass i sprint, klassisk stil.

I sin siste sesong som aktiv, 2020-sesongen, sigra Gjeitnes i turrennet Marcialonga. Samanlagt vart ho nummer 2 i den internasjonale turrenn-turneringa (Ski Classics 2020).

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre