Kari Härkönen (fødd 16. juli 1959) er ein finsk tidlegare langrennar frå Ristijärvi i Kajanaland som vart verdsmeister på 15 km under Ski-VM 1985.

Kari Härkönen
Statsborgarskap Finland
Fødd 16. juli 1959 (64 år)
Ristijärvi
Yrke langrennsløpar
Høgd 175 centimeter

Härkönen meisterskapsdebuterte med ein tolvteplass på 30 km under Ski-VM 1982 i Oslo, der han sidan gjekk fyrste etappen for det finske laget som fekk bronse på stafetten, etter dødt løp med Aust-Tyskland. Sesongen 1983 vart han finsk meister på tremil, medan han kom på 13. plass på 15 km ved Vinter-OL 1984 i Sarajevo.

I desember 1984 vart Härkönen andremann på 15-kilometeren i Cogne. Likevel kom det som ei stor overrasking at han gjorde ei rad sterke tevlingar under Ski-VM 1985 i Seefeld in Tirol. Det tok til med ein femteplass på 30 km, nokre få sekundar bak bronsemedaljøren, og heldt fram med ein rimeleg klar siger på 15 km. Han avslutta meisterskapen med ein fjerdeplass på femmila. Den norske landslagstrenaren Magnar Lundemo uttalte ved det høvet at finske løparar måtte vere bloddopa. Härkönen enda på sjuandeplassen i verdscupen i langrenn 1985.

Etter 1985 deltok ikkje Härkönen i fleire verdscuprenn. Han tok sølvmedaljen på 15 km i den finske skimeisterskapen 1987, men kom ikkje med i VM-troppa til Oberstdorf.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.