Kari Hop Skiftesvik
Kari Hop Skiftesvik (fødd 1938) er ein norsk venstrepolitikar, kvinnesaksforkjempar, forfattar og fyrstebibliotekar.
Kari Hop Skiftesvik | |||
Fødd | 1938 (86 år) | ||
---|---|---|---|
Parti | Venstre | ||
Yrke | skribent | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening |
Virke
endreSkiftesvik tok cand.mag. ved Statens bibliotekhøgskole. Ho har arbeidd ved Universitetsbiblioteket og vore avdelingsbibliotekar og sidan fyrstebibliotekar ved Bergen offentlige bibliotek.[1]
Ho har hatt ei rekkje verv i Bergen Venstre og Norsk Kvinnesaksforening.[1] Skiftesvik har vore nestleiar i Bergen Venstre (1979–1983), leiar i Fana Venstre (1983–1985), og var medlem av likestillingsutvalet i Bergen.[1] Ho var leiar i Bergen Kvinnesaksforening i tre periodar (1976–1982, 1995–2008[2] og 2011–2013[3]) og 2. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening på nasjonalt nivå (1978–1986, 1996–2006 og 2011–2014).[4][3][5] Ho var aksjonsleiar i Bergen for TV-aksjonen 89: Kvinner i den 3. verden.[1]
Skiftesvik har gjeve ut boka Bergens små og store døtre: Kvinnehistoriske byvandringer, saman med Elisabeth Aasen, på Bodoni forlag i 2016. Bergen Offentlige Bibliotek skriv at det er ei turbok om den usynlege bergenshistoria.[6]
Bibliografi
endre- Bergens små og store døtre: Kvinnehistoriske byvandringer, (Bodoni forlag 2016)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jubilanter». Aftenposten. 09.05.2018. S. 40
- ↑ Kari Hop Skiftesvik (2010). «Bergenske formødre» (PDF). Kvinnesaksnytt (1): 20–21.
- ↑ 3,0 3,1 «Nytt fra lokallaga» (PDF). Kvinnesaksnytt (1): 40. 2011.
- ↑ Hvem er hun?. Cappelen. 1989. ISBN 8202116759.
- ↑ Karin Bruzelius (18. juni 2012). «Referat fra landsmøte i Norsk Kvinnesaksforening 12. mai 2012 i Majorstuveien 39, Oslo». Henta 12. november 2019.
- ↑ Mona Fonnes. «Bergens små og store døtre: Kvinnehistoriske vandringer». Henta 12. november 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Kari Hop Skiftesvik» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2023.