Kari Nyquist (fødd Stoesen i (17. oktober 191820. april 2011) i Oslo) er ein norsk keramikar. Ho er utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo frå 1934 til 1938.

Kari Nyquist
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1918
Død

20. april 2011 (92 år)

Yrke keramikar

Parallelt med at ho gjekk på skulen fekk ho også verkstadpraksis like i nærleiken av skulen hjå Eilif Whist i Waldemar Thranesgate og William Knutzen i Wesselsgate i Oslo. Etterpå arbeidde ho ei tid ved Åros Keramikk i Røyken og sidan hjå Schneider og Knutzen ASSlemdal i Oslo.

Nyquist opna eigen keramikkverkstad i Oslo i 1942. Der hjelpte fyrst Jo Vogt og så mann hennar, Jan Nyquist, til med dreiinga medan ho stod for dekorane.

På 50- og 60-talet formgav ho mange dekorar for Stavangerflint, mellom anna mange suvenirplatter med leikfulle og detaljrike motiv frå norske byar. Mange av dekorane ho laga for Stavangerflint er einsfarga trykkdekorar i blått, raudt eller svart på ein ljos grå botnfarge. Ho laga også dekorar til barneservise i same stil, og eit teservise som også er representert ved Victoria and Albert Museum i London.

Bakgrunnsstoff endre