Karin Holter
Karin Magda Holter (fødd 11. mars 1935) er ein norsk litteraturforskar og professor ved Universitetet i Oslo.
Karin Holter | |||
Fødd | 11. mars 1935 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | omsetjar, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Virke
endreHolter vart cand.philol. i 1966 med ei hovudoppgåve om Den fremmede av Camus. Frå 1968 var ho tilknytt franskseksjonen ved Klassisk og romansk institutt på Universitetet i Oslo. I 1981 bidrog ho med artikkelen Simon Citing Simon : A Few Examples of Limited Intertextuality i boka Orion Blinded : Essays on Claude Simon, utgjeven på Bucknell University Press.[1] Ho vart dr.philos. på avhandlinga Tekst og virkelighet : åpninger i Claude Simons romaner frå 1988. I 1992 vart Holter professor i fransk litteratur. Ho var i ein periode gjesteforskar ved Université Paris-Nord.
Kjelder
endre- ↑ Birn, Randi; Gould, Karen (1981). Orion Blinded: Essays on Claude Simon (på engelsk). Bucknell University Press. ISBN 9780838724200.
- Denne artikkelen bygger på «Karin Holter» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2023.