Karita Bekkemellem

norsk næringlslivsleiar og politikar

Karita Bekkemellem (fødd 15. januar 1965), som gift Karita Bekkemellem Orheim, er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet fødd på Lillehammer. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar.

Karita Bekkemellem

Fødd15. januar 1965 (59 år)
Lillehammer kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

I stortingsvalet 2005 blei Bekkemellem vald inn til sin femte periode for Møre og Romsdal fylke. I regjeringa Stoltenberg I var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet, og då denne gjekk av blei ho fraksjonsleiar i Kyrke-, utdannings- og forsningskomiteenStortinget. I regjeringa Stoltenberg II var ho frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 barne- og likestillingsminister. Ho var òg leiar for Arbeidarpartiets kvinnerørsle.

Kort tid etter at ho slutta i regjeringa, vart ho styremedlem i meklarhuset Carasa, saman med tidlegare Hydro-direktør Cecilie Ditlev-Simonsen. Bekkemellem er også ein av fleire faste programleiarar i debattprogrammet Studio 5 som går på fjernsynskanalen FEM.

Bekkemellem har to ungar. Ho er fødd i Lillehammer, flytta seinare til Molde og er no busett i Rygge.

Bakgrunnsstoff endre