Karl Bartos

tysk komponist

Karl Bartos (fødd 31. mai 1952) er ein tysk musikar og låtskrivar. Mellom 1975 og 1990 spelte han i lag med Wolfgang Flür elektronisk perkusjon i electronicagruppa Kraftwerk. Han vart opphavleg teken med for å spele på den amerikanske delen av Autobahn-turneen. I tillegg til å spele perkusjon, skreiv han musikk for Man-Machine, Computer World og Electric Café og song solovokal på sistnemnde.

Karl Bartos
Kraftwerk - Karl Bartos (1976).png
Karl Bartos (1976).
Fødd31. mai 1952 (68 år)
FødestadBerchtesgaden, Tyskland
OpphavTyskland
Aktiv1974 til i dag
SjangerElektronisk musikk
Synthpop
InstrumentPerkusjon, Synthesizer, Vokal
Tilknytte artistarKraftwerk (1975–1991)
Elektric Music
Electronic
PlateselskapAudioVision
SPV
Columbia/SME Records
Atlantic Records
Verka somMusikar
PrisarCzłowiek ze Złotym Uchem

Bartos, som var fødd i Berchtesgaden i Tyskland, forlét gruppa i 1990, visstnok fordi han var frustrert over at det gjekk for treigt då Ralf Hütter og Florian Schneider i aukande grad hadde vorte perfeksjonistar.

I 1992 starta Bartos Elektric Music. Dette nye prosjektet gav ut eit Kraftwerk-liknande album kalla Esperanto i 1993, og det meir gitarbaserte Electric Music i 1998. I mellom desse to albuma samarbeidde Bartos med Bernard Sumner og Johnny MarrElectronic sitt Raise the Pressure i 1996 og skreiv songar i lag med Andy McCluskey på både Esperanto og Orchestral Manoeuvres in the Dark sitt Universal. I 1998 produserte han eit album for det svenske synthpopbandet Mobile Homes.

I 2003 gav han ut synthpopalbumet Communication under sitt eige namn. I mars 2011 gav han ut Mini-Composer, som var ein applikasjon for iPhone der ein kunne lage musikk. 15. mars 2013 kom albumet Off the Record.

DiskografiEndra

Med Kraftwerk

Med Elektric Music (now Elektrisk Music)

Med Electronic

Som Karl Bartos

 
Karl Bartos på scenen i 2005.

Unreleased

  • 1994: 2nd proposed Elektric Music album (Most of the songs were performed at Elektric Music's Virtua Summer Tour in 1994).[1]
  • 2007: Moebius Redux – Ein Leben in Bildern / Une vie en images / A Life in Pictures (original soundtrack)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra