Ralf Hütter

tysk songar og musikar

Ralf Hütter (fødd 20. august 1946) er ein tysk klaverspelar og songar i electronica-bandet Kraftwerk. Etter at Florian Schneider slutta i bandet i 2008, er han den einaste som har vore med heilt frå starten av.

Ralf Hütter

Ralf Hütter av Ueli Frey, 1976
Fødd20. august 1946 (78 år)
FødestadKrefeld i Nordrhein-Westfalen i Tyskland
FødenamnRalf Hütter
OpphavTyskland
Aktiv1965 til i dag
SjangerElektronisk musikk
Synthpop
Krautrock
InstrumentSynthesizer, klaverinstrument, vocoder, gitar, bassgitar, trommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarKraftwerk
Organisation
The Phantoms[1]
The Quartermasters[2][3]
Verka somMusikar og vokalist

Biografi

endre

Hütter vart fødd i Krefeld i Tyskland. Han bur i dag nær Düsseldorf.[4] Han møtte Florian Schneider medan han studerte improvisasjon ved konservatoriet i Düsseldorf.[5]

Sykkelinteresse

endre

Ralf Hütter er ein entusiastisk tilhengjar av sykling. Ei vandesoge skal ha det til at då bandet var på verdsturné, så slapp bussen han av 100 km frå endestaden, slik at han kunne sykle den siste vegen. Bandet byrja å sykle då dei spelte inn albumet Die Mensch-Maschine seint i 1970-åra. Singelen «Tour de France» inneheld lydar av syklar som sykkelkjede, girmekanismar og pusting frå ein syklist. Ralf Hütter prøvde på denne tida å overtale bandet til å spele inn eit album basert på sykling, men dette vart ikkje noko av. Prosjektet vart til slutt gjeve ut som Tour de France Soundtracks i 2003.

Hütter var involvert i ei alvorleg sykkelulukke i 1983, under innspelinga av det skrinlagde albumet Techno Pop.[6] Berre singelen «Tour de France» og to demoar vart tilgjengeleg etter innspelingane. Han vart lagt i koma som følgje av ulukka.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre