Opna hovudmenyen

Wolfgang Flür (fødd 17. juli 1947) er ein tysk musikar, mest kjend som medlem av electronicagruppa Kraftwerk[1] frå 1973 til 1987, der han spelte elektronisk perkusjon. Flür bygde òg mykje av studio- og sceneutstyret til gruppa i verkstaden sin under studioet til bandet, Kling Klang.

Wolfgang Flür
Wolfgang Fluer by Stuart Mentiply.jpg
Fødd17. juli 1947 (72 år)
FødestadFrankfurt i Tyskland
OpphavTyskland
AktivSeint i 1960-åra til i dag
SjangerElektronisk musikk
Synthpop
Krautrock
InstrumentPerkusjon, klaverinstrument
Tilknytte artistarKraftwerk (1973–1987)
Yamo
Dyko
Spirits Of Sound
Fruit
The Beathovens
Verka somMusikar

BakgrunnEndra

Tidlegare hadde Flür spelt vanlege akustisk trommer i Düsseldorf-bandet The Spirits of Sound. Eit anna medlem i dette bandet var gitaristen Michael Rother, som var medlem av Kraftwerk nokre månader i 1971, før han danna Neu! med dåverande trommeslagar i Kraftwerk, Klaus Dinger.

Etter KraftwerkEndra

Flür starta Yamo etter han slutta i Kraftwerk. Dette prosjektet gav ut albumet Time Pie i 1997, produsert i samarbeid med Mouse on Mars. Den neste utgjevinga til Flür var 12"- og remiksa av I Was A Robot, som klatra til sjetteplassen på tyske klubb-lister.

Flür skreiv ein sjølvbiografi som kmo i 2000, kalla Ich war ein Roboter (engelsk versjon: I Was a Robot)[2] der han skildra sitt syn på korleis det var å spele i Kraftwerk. I nyare tid har Flür arbeidd som DJ i klubbar og spelt tech-house og electro. Han har òg spelt elektroniske trommer på konsertar med den tyske synthpopduoen Dyko, og gav med dei ut ein singel i 2009.

Den japanske songaren Maki Nomiya sitt album Party People inneheld songen «Yamate Line» som er skriven og produsert i lag med Flür.

DiskografiEndra

Med KraftwerkEndra

YamoEndra

AlbumEndra

  • Time Pie (1996)

EP-arEndra

  • Musica Obscura (1997)

SinglarEndra

  • «Guiding Ray» (1996)
  • «Stereomatic» (1996)
  • «I Was a Robot» (2004)

SamarbeidEndra

  • Maki Nomiya - «Yamate Line» (på albumet Party People, 2005)
  • Dyko med Wolfgang Flür - «Autobahn» (B-side til singelen «In Ordnung», 2009)
  • Empire State Human med Wolfgang Flür/Yamo - «Melancholic Afro» (på albumet Audio Gothic, 2009)
  • Giorgio Li Calzi med Wolfgang Flür – «Freakin' Out» (på samleplata Switched On Bob: A Tribute To Bob Moog, 2009)
  • Cultural Attaches med Wolfgang Flür - «Golden Light» (på samleplata Lazy Summer Vol 2 miksa av Chris Coco; 2011)

KjelderEndra

  1. Rauch, Sandra (June 2008). Die Bedeutung von Jugendkultur in der Jugendphase am Beispiel"techno" (på tysk). Grin Verlag. s. 44. ISBN 978-3-638-95493-8. Henta 11 August 2010. 
  2. Flür, Wolfgang (29. november 2000). Kraftwerk: I Was a Robot. Sanctuary Publishing. ISBN 1-86074-320-X. 

BakgrunnsstoffEndra