Florian Schneider

tysk musikar

Florian Schneider-Esleben (7. april 194730. april 2020) var ein tysk musikar som er mest kjend som langvarig medlem av elektronikabandet Kraftwerk. Han var med frå starten av til han slutta i november 2008.

Florian Schneider

Fødd7. april 1947(1947-04-07)
FødestadDüsseldorf, Tyskland
Død30. april 2020 (73 år)
DødsstadDüsseldorf
FødenamnFlorian Schneider-Esleben
OpphavTyskland
Aktiv1968–2008
SjangerElektronisk musikk
Synthpop
Krautrock
InstrumentSynthesizer, vokal, gitar, fløyte, saksofon, trommer, perkusjon, fiolin
Tilknytte artistarKraftwerk
Organisation
Pissoff[1]
Verka somMusikar, vokalist
MorEvamaria Schneider-Esleben
FarPaul Schneider-Esleben

Karriere endre

Florian Schneider-Esleben starta Kraftwerk med Ralf Hütter i 1970. Dei møtte kvarandre i 1968 medan dei studerte ved Kunstakademiet i Remscheid, då Robert Schumann Hochschule i Düsseldorf. Dei spelte improvisasjonsmusikk i lag i gruppa Organisation. Før han møtte Hütter, hadde Schneider spelt med Eberhard Kranemann i gruppa Pissoff frå 1967 til 1968.[2] Frå 1968 til 1969 spelte Schneider fløyte med Ralf Hütter på Hammondorgel, Eberhard Kranemann på bass og Paul Lovens på trommer.

Opphavleg var hovudinstrumentet til Schneider fløyte, som han spelte ved hjelp av elektroniske effektar, som bandekko, ringmodulering, omformarar, fuzz og wah-wah, slik at han kunne nytte fløyta som eit bassinstrument. Han spelte òg fiolin (med same effektar), elektrisk gitar og nytta synthesizerar (både som melodisk instrument og som lydprosessor). Seinare skapte han sitt eige elektroniske fløyteinstrument. Etter albumet Autobahn frå 1974, nytta han i langt mindre grad akustiske instrument.

David Bowie kalla det instrumentale stykket «V-2 Schneider» på “Heroes” opp etter Schneider,[3] og var særs inspirert av stilen til Kraftwerk på Berlintriologien hans seint i 1970-åra.

Schneider sa i 1991: «Eg byrja å studere seriøst opp til eit visst nivå, men det vart keisamt. Eg såg meg om etter noko anna og fann ut at fløyta var for avgrensande. Like etter kjøpte eg ein mikrofon, så høgtalarar, så ein ekko, så ein synthesizer. Seinare la eg fram eg fløyta. Det var ein slags prosess.»[4] Sjølv om han ikkje var særskild teknisk dyktig på klaver, og var ein dyktig fløytist, føretrekte han å utløyse synth-lydar gjennom eit klaver på konsertane til gruppa i 1976, 1976 og 1981. Seinare vart synthane utvikla slik at synthspelinga vart mindre teknisk krevjande.

Schneider konsentrerte seg om lyd-design (i eit intervju i 2005 kalla Hütter han ein «lydfetisjist») og Vocoder/tale-syntese. Mellom anna fann han opp Robovox, ein særeigen del av stilen til Kraftwerk.

Schneider var kjend for sine komiske, gåtefulle intervju, sjølv om han sjeldan gav løyve til å bli intervjua.[5][6][7]

Slutt i Kraftwerk endre

Schneider spelte ikkje på nokre av konsertane til Kraftwerk i 2008. På scenen vart han erstatta av Stefan Pfaffe, som hadde arbeidd med bandet som videoteknikar. Schneider slutta i Kraftwerk den 21. november 2008.[8]

Kjelder endre