Karl Bugge

norsk politikar

Karl Ludvig Tørrisen Bugge (5. februar 18403. november 1916) var ein norsk sakførar, bankmann og stortingsmann, fødd i Christiania.

Karl Bugge

Fødd5. februar 1840
Christiania
Død3. november 1916 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar, banksjef
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleLeontine Buch
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Alle verv

Bugge var son til ein skipsbyggjar i Fredrikstad. Han vart student i 1860 og cand. jur. i 1864. Frå 1865 var han sakførar og seinare høgsterettsadvokat i Trondheim. Åra 1874-86 var han direktør for Trondhjems realkreditbank. Deretter var han direktør i Realkreditbanken i Kristiania frå 1886 til 1902. Samstundes praktiserte han 1891-98 som både aktor og forsvarar ved Høgsteretten i hovudstaden. Han skreiv og gav ut fleire avhandlingar om juridiske emne.

Bugge var medlem av formannskapet i Trondheim 1879-83, ordførar 1882. Frå 1883 til 1888 var han stortingsrepresentant for Trondhjem og Levanger. I den fyrste treårsperioden var han medlem av næringskomite nr 2, i den siste av Lagtinget og justiskomite nr 1. Bugge var 1891-95 formann for ein departemental komite vedkomande konkurranselovgjevinga. På Stortinget slutta han seg til Høgre si gruppe då denne vart skipa i 1884.

Kjelder endre