Karl Albert Enger (28. februar 18391936) var ein norsk embetsmann og stortingmann frå Kristiania. Han var medlem av Høgre.

Karl Enger
Fødd28. februar 1839
Død11. desember 1935 (96 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Enger var son til ein urmakar. Sjølv vart han student i 1856 og cand. jur. i 1863. Frå 1864 var han assistent og fullmektig ved Christiania Politikammer. Han var politimeister i Tromsø 1873-81 og byfut i Porsgrunn frå 1881 til -95. Sidan var han sorenskrivar i Follo.

Enger var medlem av bystyret i Tromsø 1875-81, og ordførar i Drøbak. Perioden 1889-91 representerte han Porsgrunn på Stortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen, frå 10. mars 1890 var han også medlem av Lagtinget.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914