Karl Ferdinand Degen

Karl Ferdinand Degen (fødd 1. november 1766 i Braunschweig, død 8. april 1825) var ein dansk matematikar.

Karl Ferdinand Degen
Fødd1. november 1766
Braunschweig
Død8. april 1825
København
NasjonalitetKongeriket Danmark
Yrkematematikar
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Alma materKøbenhavns Universitet

Han var professor i matematikk ved universitetet i København frå 1814. Blant dei matematiske arbeida hans kan ein særleg nemne tabellane hans over løysingar av den såkalla pellske likninga. Niels Henrik Abel meddelte nokre av dei første matematiske resultata sine i brev til Degen, og studiane til Abel av elliptiske funksjonar skuldast truleg innverknaden til Degen.

Kjelder

endre