Karl Fjermeros
Karl Johan Fjermeros (29. september 1885–8. oktober 1972) var ein norsk skulemann og Venstre-politikar frå Høvåg i Vest-Agder. Han var far til Bue Fjermeros.
Karl Fjermeros | |||
Fødd | 29. september 1885 | ||
---|---|---|---|
Død | 8. oktober 1972 (87 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Fjermeros var son til ein gardbrukar og byggmeister. Sjølv tok han eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1906, og var så nokre år lærar i folkeskule og framhaldsskule. I 1910 var han lærar ved folkehøgskulen på Vossevangen. Frå 1911 til 1945 underviste han i folkeskulen i Kristiansand, skuleåret 1920/21 også ved Kristiansand lærarskule.
I 1942 var Fjermeros ein av dei som vart arrestert under tyskarane sin aksjon mot lærarane og send til Kirkenes. I 1945 vart han tilsett skuleinspektør i Oddernes herad, før han i 1947 fekk stillinga som skuledirektør i Agder og Stavanger, ei stilling han hadde til 1956.
Fjermeros engasjerte seg i politikken i Oddernes og vart vald til formannskapsmedlem i 1922. Frå 1928 var han ordførar til han i 1941 vart avsett av okkupasjonsmakta, men i 1945 tok han oppatt vervet. Etter frigjeringa var han konstituert fylkesmann i Vest-Agder i mai og juni 1945 og fylkesordførar i Vest-Agder.
Valbolken 1945-49 var Fjermeros stortingsrepresentant for Venstre og Vest-Agder, medlem av protokollkomiteen. Ved stortingsvalet 1949 mislukkast han i å verte attvald. Fjermeros var aktiv i målsaka, både som formann i Kristiansand mållag og i Vest-Agder mållag. Ei tid sat han også i styret i Noregs Mållag.