Karl Hagerup
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Karl Hagerup (1918-1940).
Karl Marius Hagerup (fødd 16. januar 1859 på Frosta, død 26. mai 1958) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann for Venstre.
Karl Hagerup | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1859 Frosta |
Død |
26. mai 1958 (99 år) |
Yrke | politikar, bonde, agronom, lærar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Stortingets landbrukskomité |
Far | Aage Hagerup |
Hagerup var elev ved Kuløys folkehøgskole i 1877, Vonheim folkehøgskole i 1879, Sædelands landbruksskole i Danmark 1881-82 og Askov folkehøyskole 1884-86. Han avla i 1890 eksamen ved Aas landbruksskoles høgre avdeling. Hagerup var lærar ved Kuløys folkehøgskole 1886-89, gardbrukar på Gudmundshus i Verdal 1891-98, samt lærar ved Mære landbruksskole frå 1895.
Hagerup var varaordførar i Verdal 1894-95. Perioden 1901-09 var han formann i skulestyret i Sparbu og frå 1910 medlem av Sparbu formannskap. Styreformann i Sparbu arbeiderbank frå 1903.
Hagerup var innvald på Stortinget frå Værdalen krins i Nordre Trondhjems amt frå 1906 til 1915. Heile tida på Stortinget var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen, i den siste som sekretær 1910-11, nestformann 1912 og formann 1913-15.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Karl Marius Hagerup Arkivert 2014-04-16 ved Wayback Machine. hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste