Opna hovudmenyen

Karl Marius Anton Johan Hals (27. april 18227. desember 1898) var ein norsk pianofabrikant. Han var fødd i Sørum, far hans var offiser.

Karl Hals
Karl Hals portrait.jpg
Fødd 27. april 1822
Sørum
Død

7. desember 1898
Kristiania

Yrke politikar, piano maker, instrumentmaker, forretningsdrivande
Karl Hals på Commons

Hals gjekk i snikkarlære i Christiania frå 1838. Åra 1843-47 arbeidde han utanlands. Saman med broren Petter Hals oppretta han pianofabrikken 'Brødrene Hals' i Christiania. Då broren døydde i 1871 overtok han heile fabrikken.

Hals var engasjert i organisasjonslivet innan handverk og industri. Han var formann i 'Den norske håndverks- og industriforening' og i 'Fellesforeningen for håndverk og industri'. Også formann i Kunstforeningen og i pensjonskassa Glitne. Hals hadde elles ei rekke andre offentlege verv, og sat fleire periodar i bystyret i Christiania. Han var medlem av tollkommisjonane av 1878 og av 1887.

Perioden 1889-91 representerte Hals partiet HøgreStortinget, vald frå krinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var medlem av tollkomiteen.

Hals vart i 1874 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden og fekk kommandørkorset av 1. klasse i 1889. I tillegg var han kommandør av Dannebrogordenen og riddar av Æreslegionen.

Han døydde 1898 i Kristiania.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra