Austerrike

forbundsrepublikk i det vestlege sentral-Europa
(Omdirigert frå Austerriksk)
Republik Österreich

(norsk: Austerrike, austerriksk)

Det austerrikske flagget Det austerrikske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Land der Berge, Land am Strome»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Austerrike
Offisielle språk Tysk
Hovudstad Wien
Styresett
Forbundsrepublikk
Alexander Van der Bellen
Karl Nehammer
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
83 871 km² (113.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
8 754 413 (94.)
104,4 /km² (78.)
Sjølvstende
1156
Nasjonaldag 26. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
403 800 mill. USD (45.)
51 200 USD (19.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +43
Toppnivådomene .at


Republikken Austerrike eller berre Austerrike (tysk: Republik Österreich eller Österreich) er eit land i Sentral-Europa med ni delstatar. Det er omgjeve av land på alle sider og grensar mot Liechtenstein og Sveits i vest, Italia og Slovenia i sør, Ungarn og Slovakia i aust, og Tyskland og Tsjekkia i nord.

Kart over Austerrike

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Austerrikes historie.

Etter å ha vore erobra av romarane, hunarane, lombardarane, ostrogotane, bayerane og frankarane, kom Austerrike under habsburgarane i det 13. århundre. Denne slekta heldt fram med å regjere Austerrike inntil det 20. hundreåret.

Etter oppløysinga av det tysk-romerske riket i 1806 vart Austerrike utropa til keisarrike, og den siste tysk-romerske keisaren Franz, som samtidig var konge av Austerrike, heldt fram såleis som keisar av dette. Austerrike kom formelt i ein personalunion med kongedømet Ungarn (som allereie hadde vore under habsburgsk styre i fleire hundreår) i 1867, og unionen vart kjend som dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn.

Denne staten vart oppdelt etter nederlaget i fyrste verdskrigen. Ungarn gjekk ut av unionen, og ei rekkje austerrikske provinsar, som Böhmen og Mähren, vart òg avstått då nye sjølvstendige statar oppstod i Aust-Europa.

Det resterande Austerrike vart republikk, mellom 1918 og 1919 offisielt kjend som Republikken Tysk Austerrike (Republik Deutschösterreich), deretter berre Republikken Austerrike. Landet var demokratisk fram til fascismen vart innførd etter oppstanden i Wien i 1934. Austerrike vart annektert av det nazistiske Tyskland i 1938, i det såkalla Anschluss. Etter andre verdskrigen vart Austerrike gjenoppretta som eigen stat, men var nøytralt, og høyrde til verken aust- eller vestblokka.

I 1995 vart Austerrike medlem av EU, og var frå og med 1999 òg ein del av den europeiske økonomiske og monetære union.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Austerriksk geografi.
 
Austerriksk topografi

Med sin posisjon i Alpane er Austerrike i det store og heile eit fjelland. Dei sentrale alpane, Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sørlege kalksteinsalpane ligg alle delvis i Austerrike. Av det totale arealet (84 000 km²) er berre om lag ein fjerdedel lågland, og berre 32 % av landet ligg under 500 meter. Dei høga alpefjella i vest flatar gradvis ut mot dei låge slettene og åslendte landskapa i austlege delar av landet.

Austerrike kan delast inn i fem ulike område. Det høgastliggande området er dei austlege Alpane, som utgjer 62 % av det totale arealet. Lågberga ved foten av Alpane og fjellkjeda Karpatane utgjer om lag 12 % av arealet. Dei austlege områda, som ligg rundt Den pannoniske sletta, utgjer òg om lag 12 % av landet. Nord for Donau, som renn gjennom heile landet på langs, ligg det den lågare fjellkjeda Böhmerwald, som utgjer 10 % av Austerrike. Den austerrikske delen av Wienbekkenet utgjer om lag 4 %.

Viktige byar er hovudstaden Wien, Salzburg, Innsbruck, Graz og Linz.

Dei seks høgaste fjella i Austerrike er:

Namn Høgd Fjellkjede
   1 Großglockner 3 797 m Hohe Tauern
   2 Wildspitze 3 768 m Ötztaleralpane
   3 Weißkugel 3 739 m Ötztaleralpane
   4 Großvenediger 3 674 m Hohe Tauern
   5 Similaun 3 606 m Ötztaleralpane
   6 Großes Wiesbachhorn 3 571 m Hohe Tauern

Klima endre

For meir om dette emnet, sjå Austerriksk geografi.

Størstedelen av Austerrike ligg i den kjølige tempererte klimasonen der fuktig vestavind dominerer. Sidan Alpane dekkjer over halvparten av landet, har store delar av landet òg alpint klima. I austlege delar av landet, på Den pannoniske sletta og langs Donaudalen er klimaet meir kontinentalt med mindre regn enn i alpeområdet.

Forbundsland endre

Austerrike er ein forbundsrepublikk inndelt i 9 forbunsland (delstatar) eller Bundesländer:

Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal
Burgenland Eisenstadt 3 965 276 400
Kärnten Klagenfurt 9 536 559 400
Niederösterreich St. Pölten 19 178 1 553 000
Oberösterreich Linz 11 982 1 387 000
Salzburg Salzburg 7 154 521 200
Steiermark Graz 16 392 1 191 000
Tirol Innsbruck 12 648 683 300
Vorarlberg Bregenz 2 601 356 600
Wien Wien 415 1 631 000


  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Austerrike