Karl Schnabl (fødd 8. mars 1954) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå grenda Achomitz i Hohenthurn i Kärnten. Han vart olympisk meister i storbakken under vinter-OL 1996 i Innsbruck, og fekk også ein bronsemedalje i same olympiaden, samt ei medlaje i same valør i skiflygings-VM 1975.

Karl Schnabl
Fødd 8. mars 1954
Villach
Yrke skihoppar, kirurg

AktivEndra

Schnabl gjekk på skigymnas i Stams i Tirol. Han slo gjennom i hoppbakken under den tysk-austerrikske hoppveka 1974/75. Han vann då dei tre siste renna i turneringa, men ettersom han hamna langt nede på resultatlista i det fyrste rennet vart han nummer tre i hoppveka, bak landsmennene Willy Pürstl og Edi Federer. Schnabl vann bronsemedaljen under VM i skiflyging 1975 i Kulm. Seinare i same sesongen gjekk han til topps i hopprennet i Lahti-leikane.

I hoppveka 1975/76 kom Schnabl på andreplass, med 910,5 poeng var han knapt ti poeng bak vinnaren av hoppveka, Jochen Danneberg. Før OL 1976 på austerriksk heimegrunn i Innsbruck var Schnabl ein av dei store gullkandidatane. Han meistra presset og tok fyrst bronse i normalbakken, før han vart olympiameister i storbakken. Mot slutten av OL-sesongen gjekk han til topps både i Lahti og i Holmenkollen.

I 1977-sesongen heldt ikkje Schnabl heilt det same høge nivået som tidlegare. Han oppnådde likevel ein andreplass i Bischofshofen under hoppveka 1976/77. Året etter overraska han stort då han vart nummer fire i normalbakken under ski-VM 1978 i Lahti.

Schnabl vart austerriksk meister i normalbakken tre år på rad; 1975-77.

Han la opp som aktiv skihoppar i 1978 for å studere medisin. Sidan har han arbeidd som lege og idrettsmedisinar ved det idrettsmedisinske instituttet i Kärnten.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra