Jochen Danneberg (fødd 9. april 1953) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Halberstadt, som representerte Aust-Tyskland. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka både i 1976 og 1977. Hans største enkeltbragd er OL-sølvet i normalbakken frå OL 1976 i Innsbruck. Danneberg vart austtysk meister i normalbakken i 1976 og 1979.

Jochen Danneberg
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 9. april 1953 (71 år)
Halberstadt
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1976 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1976 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1980 – Normalbakke

Aktiv endre

Danneberg debuterte i hoppveka 1972/73 med ein femteplass under nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen. Under hoppveka året etter fekk han med seg to niandeplassar, medan han i januar 1975 som best nådde å verte nummer sju i Innsbruck.

Danneberg vann hoppvekerennet i Innsbruck i 1976, han fekk då i alt tre pallplasseringar i hoppveka, der han til sist stod som sigerherre. Nokre veker etter deltok han i hopptevlingane under vinter-OL i nemnde Innsbruck. Her vann Danneberg sølvmedaljen i normalbakken, bakom landsmannen Hans-Georg Aschenbach, rennet fann stad i Seefeld. Danneberg vart så nummer fire i storbakken Bergisel i sjølve Innsbruck. Seinare i OL-sesongen vann han hopprennet i Svenska skidspelen framom norske Johan Sætre, eit renn som vart avvikla over ein omgang.

Også i 1977 vart Danneberg vinnar av hoppveka. Han vann rennet i Garmisch-Partenkirchen og kunne også klive på pallen i to andre hoppvekerenn. Nyårsdag 1978 makta Danneberg å kopiere sigeren i Garmisch-Partenkirchen frå året i førevegen. Han vart så nummer åtte i begge renna under ski-VM 1978 i Lahti. Danneberg oppnådde to pallplassar i enkeltrenn i hoppveka 1978/79, samanlagt vart han nummer tre i hoppveka.

Danneberg vann opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf i desember 1979, føre Hubert Neuper frå Austerrike. Seinare i sesongen gjekk det mindre bra, og under vinter-OL 1980 i Lake Placid kom han på 20. plass i normalbakken. Han la opp i 1981.

Bakgrunnsstoff endre