Filip II av Spania

Filip II, spansk: Felipe II, (21. mai 152713. september 1598) var konge i Spania 1556–98 og i Portugal 1580-98.

Filip II av Spania, måla av Sofonisba Anguissola

Filip var son til keisar Karl V. Sjølv vart han grundig lærd opp i spansk kultur. År 1543 vigdest han til Maria av Portugal som i 1545 fødde sonen Don Carlos.

Frå 1543 førte Filip regentskapet i Spania. Karl V sin plan om å få han til keisar i Tyskland stranda. I 1554 ekta Filip dronning Maria den blodige av England. Ekteskapet var barnlaust. Filip forlet henne for å overta landa til faren då denne i 1555 abdiserte frå dei italienske territoria og Nederlanda, og i 1556 frå Spania med koloniane. Dette var då Europas mektigaste og mest vidstrakte rike.

Filip var fanatisk intolerant mot alle som ikkje lystra han og kyrkja. Han styrte strengt eineveldig, stilte seg i spissen for motreformasjonen mot det protestantiske Europa og kjempa energisk for den saka. Han sette seg grundig inn i alle detaljar i statsstyret og fekk skriftlege rapportar om alt, noko som førte til manglande overblikk og langsam forretningsgang. Etter far sin arva Filip krigen mot Frankrike, ein strid som enda heldig ved freden i Cateau-Cambrésis i 1559; Filip ekta då Henrik II si dotter, Elisabet av Valois.

Hertugen av Albas blodige undertrykking av nederlendarane sine rettar og religionsfridom leidde i 1572 til ein fridomskrig som varte til 1648. Då Filip splitta si militære makt ved samtidig å angripe England, leid Den spanske armada det store nederlaget i 1588 som for alltid knekte Spanias sjømakt.

Også i dei franske religionskrigane blanda Filip seg inn, han støtta den katolske liga og hadde ei tid stor innverknad, men overfor Henrik IV leid han nederlag. Derimot sigra Filip fleire gongar over tyrkarane, som i sjøslaget ved Lepanto i 1571. I 1580 erobra han Portugal, som han kravde, og fekk, kongsmakt over som dotterson av Emanuel den store.

Dei mange krigane ruinerte Spania. Filips tyranni kua den borgarlege fridomen, inkvisisjonen den religiøse fridomen, kjetterane vart brent, og dei dyktige moriskane underkua. Utfallet av Filips politikk var materiell ruin for Spania.

I sitt fjerde ekteskap, med den austerrikske erkehertuginna Anna, fekk han sonen Filip 3. Som eit symbol for Filips karakter og maktbrynde står det mektige klosterpalasset Escorial.

Kjelder endre