Karlheinz Förster

Karlheinz Helmut Förster (fødd 25. juli 1958) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Mosbach som vart europameister i 1980, og vann VM-sølv både i 1982 og 1986, med Vest-Tyskland. Mellom 1978 og 1986 spelte han 81 landskampar og skåra to mål for det vesttyske landslaget.

Karlheinz Förster
Personleg informasjon
Fullt namn Karlheinz Helmut Förster
Fødselsdato 25. juli 1958 (65 år)
Fødestad Mosbach i Vest-Tyskland
Høgd 178 cm
Posisjon Midtstoppar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1977-1986 Stuttgart 311 (22)
1986-1988 Marseille 103 (6)
Totalt 414 (28)
Landslag
1978-1986 Vest-Tyskland 81 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Midtstoppar Förster spelte for VfB Stuttgart i perioden 1977-86. I 1982 vart han kåra til årets tyske fotballspelar, og i 1984 kunne han feire at klubben vann den tyske bundesligaen. Frå 1986 var han i fire sesongar knytt til franske Olympique Marseille. Her var han i 1989 med på å vinne på den franske serien og den nasjonale cupen. Etter fleire år med skadetrøbbel forlet han toppfotballen i 1990.

Förster og den eldre broren Bernd Förster spelte ved fleire høve saman på det vesttyske landslaget.

Kjelder endre