Karmin

kjemisk sambinding

Karmin eller karminraudt er ein høgraud eller blodraud farge eller eit fargestoff. Det kjem hovudsakleg frå karminsyre (C22H20O13).

Karmin
 

HTML-farge#960018
sRGBB  (rgb)(150, 0, 24)
CMYKH   (c, m, y, k)(24, 100, 97, 15)
HSV       (h, s, v)(350°, 100%, 59%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Karmin blir brukt som tilsetjingstoff i mat og drikke med E-nummeret E120. Det blir også brukt til å farga sminke,[1]tekstilar og andre fargeprodukt.

Ein har særleg fått pigmentet frå cochenillelus, ein type skjoldlus.[2] Karmin er eigentleg eit giftstoff som lusa produserer for å verna seg frå rovdyr.

Ordet karmin kjem frå fransk eller tysk, frå mellomalderlatin carminium, og er ei samanblanding av arabisk qirmiz, 'skarlak', og latin minium, 'mønje'.[3]

Kjelder endre