Karol Jokl (29. august 194528. oktober 1996) var ein slovakisk fotballspelar frå Partizánske som vann cupvinnarcupen 1969 med Slovan Bratislava. Han var kjend som ein kreativ indreløpar og flink pasningsleggjar. Samspelet med lagkameraten Ján Čapkovič la grunnen for mykje av suksessen til ŠK Slovan. Jokl var aktiv for Tsjekkoslovakia sitt landslag i tida 1963-72.

Karol Jokl


Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 29. august 1945
Partizánske
Død

28. oktober 1996 (51 år)
Bratislava

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970

Klubbspel endre

I 1963 kom Jokl til ŠK Slovan Bratislava, ein klubb som høyrde med mellom dei beste fotballaga i tsjekkoslovakisk fotball. Laget vann den tsjekkoslovakiske cupen i 1968 og tok seg sesongen etter heilt til finalen i den europeiske cupvinnarcupen. På St. Jakob-stadion i Basel den 21. mai 1969 vann Slovan 3-2 mot FC Barcelona i ein underhaldande kamp. Dei komande åra frå 1970 til 1975 sanka Jokl og Slovan Bratislava fire tsjekkoslovakiske meistertitlar og triumferte i tre slovakiske cupturneringar. Sommaren 1975 veksla Jokl over til Banik Prievidza på lågare serienivå, la opp allereie året etter.

Landslagsspel endre

Jokl var innbytar i ein landskamp hausten 1963, men fekk sin eigenlege landslagsdebut to år seinare. Han skåra då det fyrste av i alt 11 landslagsmål. Under VM i fotball 1970 i Mexico deltok han i alle tre kampane til Tsjekkoslovakia, utan å kunne hindre at det var Brasil og England som tok seg vidare frå gruppespelet. Den 1. november 1972 spelte Jokl sin 27. og siste landskamp, på heimebane i Bratislava måtte Tsjekkoslovakia tole eit 1-3 tap.

Merittar endre

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1969 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1970, 1974, 1975 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupmeister: 1968 og 1974 med Slovan Bratislava
  • Slovakisk cupmeister: 1970, 1972, 1974 med Slovan Bratislava

Kjelder endre