Karstbergartar er bergartar som relativt lett vert oppløyste i vatn og dannar karst. Dei to viktigaste karstbergartane er kalkstein (CaCO3) og dolomitt (CaMg(CO3)2). Når vatnet inneheld karbondioksid vert det rekna som surt, og dette løyser opp desse bergartane. Andre karstbergartar er evaporittane gips og steinsalt. Evaporittane er så lettløyselege at dei er relativt sjeldne å sjå på landoverflata.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Karstbergarter. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/karstbergarter.