Karyoceritt
Karyoceritt er eit sjeldant mineral, nært nærskyldt med melanoceritt-(Ce). Det vart originalskildra frå nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden av W.C. Brøgger i 1890. Det er vesentleg eit borosilikat av kalsium, lantanoidar og thorium, med komplisert kjemisk samansetjing. Mineralet opptrer i metamikt tilstand.
Namnet kjem av det greske ordet for 'nøtt' og cerium, og syner til den nøttebrune fargen.
Kjelder
endre- Karyoceritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/karyoceritt.