Opna hovudmenyen

Kasjmiri er eit språk som blir tala i Kashmir i India og Pakistan av kring 5 millionar menneske.

Kasjmiri
(कश्मीरी کشمیری - kạ̄šur, košur)

Kosjur skrive med sharadaskrift, perso-arabisk skrift og devanagari

Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Dardisk
    Kasjmiri
Bruk
Tala i: Flag of India.svg India
Flag of Pakistan.svg Pakistan
Kasjmiritalande i alt: 4 611 000[1]
Skriftsystem: Det persiske alfabetet og devanagari
Språkkodar
ISO 639-1: ks
ISO 639-2: kas
ISO 639-3: kas
Wikipedia på kasjmiri

Det høyrer til dei dardiske språka, men ordtilfanget har hatt sterk påverknad frå persisk. Dialektane tala av hinduar har også teke inn ord frå sanskrit.

Kasjmiri er eit SVO-språk med grunnleggjande ordstilling subjekt-verbal-objekt, og har i tillegg V2-ordstilling som mellom anna også finst på norsk.[2]

Dei eldste litterære tekstane på kasjmiri er frå 1300-talet.[3] Kjende diktarar på språketer Lalla eller Lal Ded, ein shivaittisk mystikar som skreiv vakh (tolinja vers) om religiøse erfaringar, Habba Khatun frå 1500-talet, Arnimal frå 1700-talet og Mahmud Gami (ca. 1765–1855).[3]

KjelderEndra

  1. Ethnologue-tal frå 1997
  2. «Norsk som andrespråk». Norsk nå!. Henta 28. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 Kristiansen, Knut (13. mars 2019). «kasjmiri». Store norske leksikon (på norsk). 

BakgrunnsstoffEndra

  • Kashmiri - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
  • kashmiri i Store Norske Leksikon
  Denne språkartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.