Kaskö (finsk Kaskinen) er ein by og kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 1 552, og eit areal på 30,2 km², der 10,08 km² er land. Hoveddelen av kommunen ligg på øya Kaskö som er knytt til Närpes på fastlandet med to bruer.

Kaskö
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Österbotten
Del av Swedish-speaking Ostrobothnia
Grunnlagd 1785
Språk finsk, svensk
Kart
Kaskö
62°23′05″N 21°13′20″E / 62.384722222222°N 21.222222222222°E / 62.384722222222; 21.222222222222
Wikimedia Commons: Kaskinen

Kaskö er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk og svensk som minoritetsspråk (30,1 %).

Kaskö er den minste byen i Finland. Medan fiske og handel tidlegare var viktigaste næringsveg, forandra Kaskö seg sterkt på 1970-talet. Firmaet Metsä-Bothnia etablerte då ein cellulosefabrikk på staden. Industrialiseringa førte til ei sterk innflytting av finsktalande, slik av byen gjekk over frå å ha ein for det meste svensktalende småbyfolkesetnad til å verta eit industrisamfunn med finskspråkleg fleirtal.

Kjelder endre