Kastanjett
Kastanjett er eit perkusjonsinstrument av typen klappetre. Instrumentet består av eit par konkave skal som er bundne saman i den eine enden, typisk med ein diameter på kring 6-8 cm. Desse kan ha form som eit muslingskal, ei flat skål eller ei skei.[1] Holromma vender mot kvarandre, og fungerer som resonator.[1] Skala blir haldne i handa og blir brukte til å få fram rytmiske aksentar og/eller ein klaprande lyd, fått fram ved ein serie av raske klikk. Som regel blir instrumentet brukt parvis med eit kastanjettpar i kvar hand.
Kastanjett | |||
| |||
Klassifisering | concussion vessels | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 111.141 |
Kastanjettar blir tradisjonelt laga av hardtre, som rosentre. Ein kan også laga dei av nøtteskal, glasfiberforsterka kunstmateriale eller metall.[1]
Ordet «kastanjett» kjem frå gresk kastanea (kastanje); og som nemning for eit musikkinstrument frå spansk castañetas (‘små kastanjar’).
Historikk
endreOpphavet til instrumentet er ikkje kjent. Speleteknikken med å slå handhaldne stokkar saman som akkompagnement til dans er eldgammal, og er kjent både frå det gamle Egypt og det antikke Hellas. I Spania er kastanjaettar kjende frå det 1. hundreåret f.Kr., der dei fekk namnet castañuelas etter likskapen med kastanjar.
Oppbygging
endreDei enkelte delane av kastanjettar har kvar si nemning:
- Blad (sp.: hoja): kvar halvdel av dei to trestykka til kastanjetten
- Hjarte (sp.: corazón): er det indre holrommet
- Skal (sp.: concha): er den nedste runde delen av bladet
- Øyre (sp.: orejes): er forhøginga med dei to hola til snora
- Bru (sp.: puente): er sambandet mellom øyra
- Spiss (sp.: punto): er staden, der dei to kastanjettblada treffer kvarandre i botnen av skala.
- Leppe (sp.: labio): er stykket mellom hjartet og kanten til skalet
- Snor/band (sp.: cordón): er den/det som held dei to blada til kastanjetten saman
Speleteknikk
endreI praksis nyttar ein kastanjettspelar to par kastanjettar, eitt i kvar hand. Snora blir halden over ein finger (normalt over tommelfingeren, men tidlegare og i særskilde regionale dansar også over langfingeren), og kastanjettane kviler i handflata. Ved hjelp av fingrane som er bøygde over, lèt ein skala klapra mot kvarandre. Lyden frå kvart par er i litt ulik tonehøgd. Settet med den høgaste tonen, kalla hembra (kvinneleg), blir normalt halde i høgre hand, medan settet med den djupare tonen, kalla macho (mannleg), blir halde i venstre hand. Med ein utvikla speleteknikk kan ein oppnå ulike klangfargar.
Bruk
endreKastanjettar blir ofte spelte av songarar eller dansarar. I motsetnad til ei utbreidd antaking nytter ein vanlegvis ikkje kastanjettar i flamenco-dans, bortsett for i to spesielle former, zambra og siguiriyas. I Andalucía blir kastanjettar normalt kalla palillos (små stokkar), og dei er kjende i flamenco under dette namnet. Den typiske stilen der kastanjettar inngår, er spansk folkedans som t.d. fandango, sevillana og seguidilla. I escuela bolera, ei ballettaktig danseform, bruker ein også kastanjettar til akkompagnement.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «K | MUSIKKORDBOKEN», www.musikkordboken.no, henta 28. februar 2024
- Denne artikkelen bygger på «Kastanjetter» frå Wikipedia på bokmål, den 28. februar 2024.
Litteratur
endre- Westrup, Jack og F.Ll. Harrison: Collins Encyclopedia of Music. Chancellor Press. Revidert utgave ved Conrad Wilson 1976.