Kastelruth

kommune i Italia

Kastelruth (tysk) eller Ciastel (ladinsk; italiensk Castelrotto) er ein kommune i Eisacktal i Sør-Tirol i Italia. Kommunen, som omfattar 12 landsbyar/grender, hyser 6 800 ibuarar og dekker eit 117,9 km² stort område. Folk i Kastelruth har i hovudsak tysk til morsmål, 15 % talar ladinsk og 3 % italiensk. Landsbyen Kastelruth ligg 1060 meter over havet ved inngangen til Gherdëina, og om lag 15 km nordaust om provinshovudstaden Bolzano.

Luftfoto av Kastelruth

Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson budde tidvis i Kastelruth. Sidan 1970-åra har Kastelruth arrangert mange tevlingar i verdscupen i langrenn og verdscupen i nordisk kombinert.

KjelderEndra